Velkomen til Hornindal Næringslag si side!
Vi er 20 betalande medlemmar frå bedrifter og forretningar. Vi har styremøte/medlemsmøte 8 gongar i året og diskuterer saker som opptek næringsdrivande i bygda. Vi samarbeider og støtter kvarandre.
Vi arrangerer også Kulturdagane (endra namn til Sommarfesten i Hornindal) og Julegateopning. Det største og mest arbeidskrevjande arrangementet vårt er Sommarfesten. Her blir det gjort mykje dugnadsarbeid. Mottoet vårt er at dersom det blir overskot skal det gå tilbake til bygda og kome bygdefolket og gjestene til gode. Vi har blomsterkasser, amplar i lyktestolpane i sentrum, benkar og bord, mykje blomster, scene og danseplatting på Badestranda.
Kvar vår har Hornindal Næringslag dugnad i sentrum. Vi plantar i ca. 40 blomsterkasser/amplar i sentrum, på strandpromenaden og på badestranda.
Vi lukar ugras og vatnar heile sommaren. Her ser du resultatet.
Hornindal Aktivitetspark
Hornindal Næringslag var initiativtakar til Nærmiljøanlegget på Grodås, som er eit aktivitetsanlegg for barn og unge. Her er leikeområde, asfaltert ballplass og skatepark.
Handverk, tradisjon og næringsutvikling