Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal idrettslag, trim/o-gruppa

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Aktiviteten i Trimgruppa
Trimgruppa i Hornindal IL legg tilrette for fysisk aktivitet for alle aldersgrupper. Vi har Fjelltrim med 20 ulike trimpostar. Disse postane ligg spredd rundt heile dalen på fjelltoppar og sætrar.
Vi arrangerer idrettsmerkeprøver. Tidspunktet blir annonsert på disse sidene.

Fjella i Hornindal eignar seg godt for turar både sommar og vinter. Blant Trimgruppa sine trimpostar finn ein turar som passar dei fleste, både dei som ikkje har gått så mykje tur før og for vande turgåarar. Nokre av postane ligg i låglandet medan andre ligg på fjelltoppar. Enkelte av turane går på skogsvegar. Der turane går i terrenget er det tydeleg rås og merking.
Knytta opp mot trimpostane har vi laga til eit tilbod som er kalla juniortrimmen, supertrimmen og seniortrimmen. Av skjemaene går det fram kvar trimposten heiter og kvar ein finn kart.

Meir informasjon om disse tilboda finn de i skjemane som ligg her:
PS: Fullført Hornindal Rundt heilt løp (ordinær trasè) = fullført supertrim

Meir informasjon om disse tilboda finn de i skjemane som ligg her:

Juniortrim skjema 2016/2017

Seniortrim skjema 2016/2017

Supertrim skjema 2016/2017



Holskarsætra i vinterskrud med Gulkoppen i bakgrunnen


Holskarsætra


Fjelltrimmen

Fjelltrimmen er delt inn i 4 klassar. Jenter og gutar tom året for fylte16 år, dameklasse og herreklasse.

Ein får godskrive poeng for eit besøk til den enklelte trimpost pr dag

Den som oppnår flest poeng i fjelltrimsesongen som går fom 11 september tom 10 september året etter er vinnar i si klasse.

Oversikt over trimpostar og poeng:

Kjøsahalsen 190 moh 1 poeng
Middagsfjellet/Øyenibba 848 moh 5 poeng
Vikasætra 320 moh 1 poeng
Kyrkjhornssætra 370 moh 1 poeng
Sætrehornet 852 moh 4 poeng
Storehornet 1102 moh 6 poeng
Gulkoppen 1304 moh 10 poeng
Holskarsætra 600 moh 2 poeng
Dauremålkornet 890 moh 4 poeng
Litlekupa 782 moh 2 poeng
Muldsvorhornet 940 moh 5 poeng
Blåvatnet 689 moh 2 poeng
Sandfjellet 1177 moh 6 poeng
Tussen 848 moh 2 poeng
Høgenibba 1191 moh 8 poeng - 4 poeng om ei tek skitrekk
Kviven 860 moh 4 poeng
Otredalskaret 800 moh 5 poeng
Otredalssætra 400 moh 2 poeng
Ytrehornsnakken 3 poeng
Vinterpost Storesætra 1 poeng.

Det er ikkje påmelding til fjelltrimmen. Dei med mest poeng i kvar klasse blir premierte og dei 10 beste i kvar klasse får diplom. Premiane blir delt ut under kulturdagane påfølgjande år. Vi er takksame dersom de held kontroll på oppnådde poeng sjøve og skriv det på supetrim/juniortrim eller seniortrimskjemaet dykkar dersom de deltek der. Då har vi kontoll på at vi gjev dykk rett poengsum.

Trimpostane til trimgruppa er utgangspunktet for løpet Hornindal Rundt. På sida til løpet finn de mange bilder frå fjellheimen i Hornindal og kart der trimpostane er avmerka.

Hornindal Rundt
Komande arrangement
14. des
LANGOPE PÅ GRODÅS TORSDAG 14. DESEMBER TIL KL. 21
[ Hornindal Næringslag ]
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
26. des
Nissemarsj
[ Hornindal idrettslag, friidrettsgruppa ]
31. des
Gudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Langope TORSDAG 14. desember
[ Hornindal Næringslag ]
JULEKONSERT I KYRKJA SØNDAG 17. DES
[ Hornindal songlag ]
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS 24. november
[ Hornindal Næringslag ]
Send epost: post@hornindal.com