Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal hagelag

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement


Roser

Velkomen til sida vår!

Hageselskapet Hornindal Hagelag er eit aktivt hagelag. Vi har 10-11 arrangement for året, med ulike tema.

Faste arrangement: hagedag i sentrum, julemøte der vi lagar juledekorasjonar, utlodding av juledekorasjonar, blomsterbil,
Vi har fleire ulike temakveldar gjerne i samarbeid med Folkeakademiet. Desse temakveldane er opne for alle. I tillegg til foredrag har vi ofte demonstransjonar og på plantesalg på desse kveldane.
Mange år har vi hatt felles handleturar til nærliggande planteskular og gartneri.

Frå Hagedagen i 2004
Frå Hagedagen i 2004
Denne dagen har vi stand i sentrum. Vi spanderar kaffi og vafler til alle besøkande. Bård Vereide er her og sel plantar kvart år, og vi har eit lynlotteri. Det vert ulike utstillingar av hageartiklar på denne standen.


Medlemsfordelar:
Hagelaget sel mypexmatter, agrylduk m.m til medlemmane.
Vi har vårt eige hagebibliotek med mykje god hagelitteratur for utlån til medlemmar.
Vi har kompostkvern til utlån.
Du kan få rabatt på plantekjøp.
Som medlem kan du få hjelp til hageplanlegging.
10 nr av Hagetidend for året kjem i posten, dette er eit svært godt hageblad.
Kjøp av bøker til medlemspris gjennom Hagetidend.
Benytte hageselskapets konsulentteneste.

Tillitsmannsmøte i Fylkeshagelaget
Tillitsmannsmøte i Fylkeshagelaget
For eit par år sidan var tillitsmannsmøtet lagt til Hornindal. Bildet er frå hagevandring i Gunnhild Humborstad sin hage, til ventre ser du styreleiar i Det norske hageselskap Jon Fløistad og kone.
Komande arrangement
2. feb
Årsmøte Hornindal Spelemannslag
[ Hornindal spelemannslag ]
8. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
11. feb
Karnevalsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
15. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
22. apr
KORKAFE søndag 22. april kl. 16.00 i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
Aktuelt
Det nermar seg påmeldingsfrist for UKM
[ Hornindal frivillegsentral ]
Presentasjon av idear for Grobygget
Vil du vere med og synge i Honndalskoret?
[ Hornindal songlag ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
Send epost: post@hornindal.com