Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Røde Kors inviterer til Ferie For Alle i vinterferien 2015

Søknadsfrist 1. januar

Av Ola Bergset Ulvedal

Vi har gleda av å informere om at det blir vinterferie for alle 19. – 22. februar 2015. Vi håpar å kunne gje familiar som treng dette ei god og minnerik oppleving.

Nedanfor følgjer informasjon om familieleiren, med stad, praktisk informasjon og kriteriar.


















Ferie For Alle er eit supplement til offentlege tiltak, og er eit gratis tilbod til barnefamiliar med svak økonomi over ein lengre periode og i utsette livssituasjonar. Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerar Ferie For Alle Vinter for tredje gong på:

STRYN LEIRSKULE/NORDFJORD FRITIDSSENTER
Sjå link for meir informasjon om leirstaden: http://www.nordfjordfritid.no/

Her blir det mykje moro for heile familien!:

Tilbod - familieaktivitetar Røde Kors Vinterferien 2015

Torsdag
Ankomst/innlosjering

1500 Litt mat/presentasjon

1700 Snøaktivitet, aking, intro ski for dei som ikkje har prøvd før.
Skileik, skitilvenning, kort tur i lett terreng.

2000 God, heimelaga middag
Bli kjent-aktivitetar – spel og leik Fritidssenteret

Fredag

0800 Frukost

0900 Skitur ned til Demmene, isfiskekonkurranse og rappellering

1200 Lunsj: vi lagar mat i lag på bål

1230 Isfiske/rappellering
1700 God, heimelaga middag

2000 Kveldsmat Ulvedalsdemma
Laurdag

0800 Frukost

0900 På ski til Rosetstøylen.

1100 Lunsj i villmarksleiren. Vi lagar sjølv på bålet.

1200 Igloobygging ved villmarksleiren, gruppeoppgåve.

1700 Middag

1900 Vi går opp i villmarksleiren igjen, vi lagar bålpizza til kvelds
Overnatting i villmarksleiren for dei som ønskjer det, kanskje kan vi teste iglooane og? Villmarksleiren

Søndag

0800 Frukost

0900 Oppmøte i villmarksleiren, vi testar heksefloget.

1200 Lunsj og etter kvart avreise. Villmarskleiren

Med forbehald om endringar.

Frivillige frå Røde Kors har rolle som ferievertar og skal bidra til at opphaldet vert innhaldsrikt og under trygge råmer for gjestene.

Praktisk informasjon Ferie For Alle:

•Ferie for alle er eit gratis tilbod.

•Gjestane må ordne reisa sjølv. Dei som kjem med buss til Stryn, vert henta.

•Frivillige frå Røde Kors er ferievertar under opphaldet. Stryn leirskule har eigne aktivitetsleiarar.

•Foreldra har ansvar for barna sine.

•Opphalda er lagt til skuleferien og inkluderar tre overnattingar med full pensjon og alle som ønskjer det, får skiutstyr.

•Eit variert aktivitetsprogram.

•Ferie for alle er rusfritt og gjestane må rette seg etter Røde Kors sine prinsipp og reglane på leirstaden

Påmelding er 1. desember 2014.

Alle punkt i søknadsskjemaet må fyllast ut og signerast av både sakshandsamar i kommunen og deltakar. Sjå vedlegg.

Røde Kors samarbeider med skulehelsetenesta, barneverntenesta, sosialtenesta og andre instansar som er i kontakt med målgruppa. Kommunane prioriterer og søker samla om plass for deltakarane.

Søknaden sendast:

Sogn og Fjordane Røde Kors
Langebruvegen 28
6800 Førde

Kontaktperson: Lis Maria Munkvold
Administrativ ansvarleg
Mob: 90 47 44 45
E-post: lismun@redcross.no

Beste helsing

Sogn og Fjordane Røde Kors


Bente Nilsen Lis Maria Munkvold
Tilretteleggar Omsorg Administrativ ansvarleg
bente.nilsen@redcross.no lismun@redcross.no

Gå til nyhendearkiv

Komande arrangement
2. feb
Årsmøte Hornindal Spelemannslag
[ Hornindal spelemannslag ]
8. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
11. feb
Karnevalsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
15. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
22. apr
KORKAFE søndag 22. april kl. 16.00 i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
Aktuelt
Det nermar seg påmeldingsfrist for UKM
[ Hornindal frivillegsentral ]
Presentasjon av idear for Grobygget
Vil du vere med og synge i Honndalskoret?
[ Hornindal songlag ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
Send epost: post@hornindal.com