Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vikariat som dagleg leiar på Frivilligsentralen

Opptil 10 mnd. vikariat

Av Ola Bergset Ulvedal

Dagleg leiar i frivilligsentralen, Ola Bergset Ulvedal, skal ut i ein lengre pappapermisjon frå slutten av september og fram til sommaren 2016. Vi søkjer difor etter ein engasjert person som kan halde roret i denne perioden.

Ledig 100% vikariat f.o.m 21.09.2015 til sommaren 2016

Kan du tenke deg å jobbe med frivilligheit i Hornindal? Som dagleg leiar ved Hornindal frivilligsentral vil du få jobbe med mange flotte engasjerte frivillige, kjekke samarbeidspartnarar og veldig interessante prosjekt.

Hornindal Frivilligsentral er organisert som foreining og har som føremål å vere eit senter for frivillig aktivitet. Sentralen er driven etter Kulturdepartementet (KUD) sine retningslinjer for frivilligsentralar.

Målsetnaden er å drive bulystfremjande folkehelsearbeid, ved å:
• skape sosiale møteplassar for alle aldersgrupper
• motivere og rekruttere frivillige
• ta initiativ til, organisere og samordne frivillig aktivitet i trå med lokale føresetnadar og behov
• vere ein bidragsytar for nye frivillige organisasjonar eller dugnadsprosjekt
• vere ein ressurs for etablerte frivillige organisasjonar
• skape og utvikle samarbeid mellom frivillige, det offentlege og det lokale næringslivet
• drive kompetanseheving om frivillig aktivitet

Dagleg leiar

Oppgåver:
- Dagleg drift og leiing av sentralen, saksbehandling, søknads- og rapporteringsarbeid.
- Planlegging og koordinering av aktivitetar.
- Rekruttering, oppfølging og rettleiing av frivillige.
- Kontakt og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar:
- Utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Relevant arbeidserfaring.
- Data- og webkyndig.

Personlege eigenskapar:
- Eit personleg engasjement for frivillig arbeid.
- Likar å ha "mange ballar i lufta".
- Er initiativrik, fleksibel, nytenkande og løysingsorientert.
- Gode samhandlings- og samarbeidsevner.
- Likar utfordringar og er motivert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:
- Løn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstid, noko ettermiddags- og kveldsarbeid.
- Meiningsfylte, varierte og utviklande arbeidsoppgåver.

For meir informasjon kontakt dagleg leiar Ola Bergset Ulvedal:
57 87 98 14 / 95 17 60 92.

Søknad med CV utan attestar sendast til: frivilligsentralen@hornindal.kommune.no


Søknadsfrist: 24.06.15

Gå til nyhendearkiv

Komande arrangement
22. apr
KORKAFE søndag 22. april kl. 16.00 i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
29. apr
Konfirmantmusikalen Sett, avslørt og elska
[ Hornindal sokneråd ]
12. mai
Konfirmasjon I
[ Hornindal sokneråd ]
12. mai
Konfirmasjon II
[ Hornindal sokneråd ]
17. mai
Festgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
KORKAFE i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
Kveding våren 2018
[ Hornindal spelemannslag ]
Vil du vere med og synge i Honndalskoret?
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com