Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral - Arrangement

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kurs for aktivitetsvener

Tid: Torsdag 8. februar kl. 18:00 - 21:00
Stad: Smia
Arrangør: Hornindal Frivilligsentral, Hornindal Kommune, Nasjonalforeningen for Folkehelsen




Vil du bli aktivitetsven i Hornindal?

Vi tilbyr no eit gratis og heilt uforpliktande kurs for deg som er interessert i å høyre meir om konseptet aktivitetsven. Alle aktivitetsvener vil få oppfølging og rettleiing.

Kurset går over to kveldar:

Torsdag, 8.2. kl. 18-21
Velkomen og presentasjon
Aktivitetsven og frivilligheit
Rolla som frivillig aktivitetsven

Torsdag, 15.2. kl. 18-21
Demens
Kommunikasjon og samhandling
Kurset er lagt opp med filmar, foredrag, og å drøfte ulike problemstillinger. Det vert enkel servering.

Påmelding innan 5.2. til:
frivilligsentralen@hornindal.kommune.no

Målet med aktivitetsven er å gje menneske med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvenen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, som å trene, gå tur, gå på teater eller på kino, fiske, måle, eller bare møtast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsven kan personar med demens få moglegheita til å fortsette sine vanlege aktivitetar. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt. Sjølv for menneske der sjukdommen har kome så langt at opplevingar raskt vert gløymde, viser det seg at dei gode følelsane og stemninga varer. Det er mange som ynskjer å gjere ein frivillig innsats. Å vere aktivitetsven vil ivareta dette engasjementet på ein direkte og meiningsfull måte.

Komande arrangement
2. feb
Årsmøte Hornindal Spelemannslag
[ Hornindal spelemannslag ]
8. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
11. feb
Karnevalsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
15. feb
Kurs for aktivitetsvener
[ Hornindal frivillegsentral ]
22. apr
KORKAFE søndag 22. april kl. 16.00 i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
Aktuelt
Det nermar seg påmeldingsfrist for UKM
[ Hornindal frivillegsentral ]
Presentasjon av idear for Grobygget
Vil du vere med og synge i Honndalskoret?
[ Hornindal songlag ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
Send epost: post@hornindal.com